Slekt1

  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size
Home Explore Slekt1 Archive Bygdebøker Vaksdal historielag digitaliserte bygdebøker

Vaksdal historielag digitaliserte bygdebøker

There are no translations available.

Vaksdal Historielag har digitalisert bygdebøkene for Vaksdal og Modalen kommune.

Ynskje om oppdatering av bygdebøkene var stort. Å få eit nytt opplag eller eit supplerande band vil vera økonomisk vanskeleg. Ideen om ei nettutgåve vart sådd, og i 2007 byrja arbeidet. en fyrste utfordringa var korleis ein skulle publisera bøkene. Kva plattform skulle ein bruka? Kom fort fram til at Wiki vil vera det mest fornuftige, det er enkel koding og lett å vedlikehalda. Skulle ein lukkast med  oppdatering og vedlikehald måtte det vera enkelt, og økonomisk forsvarleg. Wiki er enkel og med grunnleggande datakunnskapar kan kven som helst bruka plattforma. Skulle ein ha vald html koding ville kravet til vedlikehald vera stort.

{noreg} {/noreg}

Bruvik var delt i tre sokn, Bruvik sokn, Dale sokn og Stamnes sokn. Ved kommunereguleringa i 1964 vart Bruvik herad delt mellom dei to nyoppretta kommunane Osterøy og Vaksdal. Det gamle  bygdesenteret Bruvik med Bruvikstranda og Bruvikdalen vart overført til Osterøy kommune. Resten vart Vaksdal kommune. I tilegg vart heile Bergsdalen og øvste del av Eksingedalen overført frå Evanger. Resten av Evanger vart del av Voss kommune. I Modalen vart midtre del av Eksingedalen overført til Vaksdal og tre gardari Romarheimsdalen, Nipen, Fosse og Dyrkolbotn til Lindås.
For få ei komplett nettstad for bygdebøkene i Vaksdal kommune var det nødvendig å digitaliser frå 6 bøker.

Vaksdal Bygdebok er i tre band.
Bruvik sokn, 1981.
Dale sokn, 1974
Stamnes sokn, 1965.

Bergsdalen b. I, 1978.
Modalen b. I ættesoge, 1984.
Evangerboka b. I, 1982, øvre del av Eksingedalen.

Samla på ein plass vil dette væra ei fin kjelde for historie og slekts interesserte både i og utanfor kommunen. Sidan delar av kommunen historisk har hatt nær tilknyting til Modalen er bygdebok b. I for  Modalen også tatt med. Vaksdal kommune vart oppretta i 1964. Den vart samansett av delar frå kommunane Bruvik, Evanger og Modalen.

Gamal ferdsle på fjord og i fjellet førde slekter kring i området. Med å digitalisera området er det mogleg å linka saman slekter frå gard til gard. Det er også laga til eit ”Diskusjonsforum” der ein kan  leggja inn kommentarar og rettingar.

Redaksjonen vil med jamne mellomrom oppdater nettutgåva med rettingar.

Prosess.

Prosessen fram til den digitale utgåva var omstendeleg. Kvar bok vart delt opp i lause ark som vart scanna som PDF filer. PDF filene vart kjørt gjennom eit OCR program og konvertert til Word-filer. Den konverteringa medførte eit svært korrektur arbeid. Papirkvaliteten i dei ulike bøkene gav ulikt resultat ved konvertering. Etter korrekturlesing vart Word dokumenta konvertert til wiki-filer.

Gå til Vaksdal historielags nettsider

Comments
Add New Search
Write comment
Name:
Email:
 
Title:
Please input the anti-spam code that you can read in the image.

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

 

Norsk bokmål (Norway)English (United Kingdom)

Search directories

Search for:



Select Category

Search Slekt1


Slekt1 in numbers

  • 12997 entries

Newsletter